Hird

For hird i samband med Nasjonal Samling, sjå Hirden.
Sigvat Thordarsson får eit sverd som hirdmann av Olav den heilage. Teikning av Christian Krohg frå 1899.

Hird (norrønt hirð)[1] vart i mellomalderen brukt som nemning på livvakta til norske og danske kongar eller stormenn. Sjølv om ordet «hird» vert nytta i soger om hendingar i vikingtida, har det truleg ikkje vore nytta før etter denne tida. Kong Knut den mektige sitt fylgje vart kalla «ting-hlíd», eit ord som truleg har liknande tyding. Ordet kjem av det norrøne hirð som igjen kjem frå det gamalengelske hir[e]d/heard/hird/hurd eller mellomaldertysk heirat, som båe tyder «flokk».

Hirda var hærfylgjet til stormenn og kongar (drottinn). Ein mann måtte friviljug underleggja seg hirdherren, sjølv om sogene ved mange høve fortel at alternativet kunne vera dauden. Opptak i hirda vart markert ved handgang, sverdtaking og truskapseider. Hirdmennene vart difor skildra som handgangne menn, eller sverdtakarar eller eidssvorne, og måtte sverja evig truskap til herren sin og lova å fylgja han i både krig og fred, og ofra livet for han om naudsynt.

  1. «hird» i Nynorskordboka.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search